Vi søkjar etter reinhaldarar i Stord

Stillingsbeskrivelse

Ønskjer du å bidra til eit trygt og positivt arbeidsmiljø, og trivst du med fysisk arbeid? Har du dessutan erfaring med reinhald frå før, og er du organisert og serviceorientert? Då kan det hende du er den vi søkjer.

 

Stord Renhald er no på utkikk etter fleksible og motiverte reinhaldarar til stillingar på Stord og Omegn, sidan vi for tida opplever ein auke i oppdragsmengda. Vi er eit profesjonelt firma i vekst som legg vekt på å levere tenester av høg kvalitet og å ta godt vare på dei tilsette. Som tilsett i Stord Renhald vil du motta grundig opplæring og oppfølging, samt arbeid i eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø. Det kan også by seg moglegheiter for fast tilsetjing etter kvart. Om dette høyrest ut som noko for deg, oppmodar vi deg til å søkje!

 

Vi søkjer etter deg som:

  • Ynskjer å arbeide som servicemedarbeidar

  • Har minst 1-2 års erfaring med reinhald frå tidlegare

  • Trivst med å arbeide i eit fysisk krevjande yrke

  • Kan yte det vesle ekstra i travle periodar

  • Det er ein fordel med førarkort, og å disponere eigen bil

Vi tilbyr:

  • Arbeid i eit profesjonelt reinhaldsselskap i sterk vekst
  • Lønn i samsvar med tariff (Norsk Arbeidsmandsforbund og NHO Service)
  • Moglegheit for fast tilsetjing
  • Hyggelege kollegaer
  • Opplæring

Slik søkjer du:

 

Interessert? Send CV-en din til post@stordreinhald.no så snart som mogleg. For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Mia på tlf 93 07 25 45. Søknader vert vurderte fortløpande, og vi oppmodar deg difor til å søkje så snart som mogleg. Søknader utan CV vil ikkje bli handsama eller vurderte.

 

Vi ser fram til å motta søknaden din!

Send din e-post her

Om Oss

Stord Reinhald AS vart starta i september 2017. Me tilbyr reinhald til private heimar og til næringsverksemder. Me utfører alle typar reinhaldstenester, som til dømes byggvask, kombinert med fasade og vindaugsvask, samt klargjering av bygg og eigedom. Med bruk av moderne maskiner og utstyr gjer me reinhaldstenester på ein profesjonell og effektiv måte, der me skreddarsyr løysingar etter kunden sitt behov. Stord Reinhald har dyktige medarbeidarar som brenn for god kundeservice. Me har høg arbeidsmoral og yrkesstoltheit som reinhaldarar. Me står saman for å inkludere kvarandre i eit godt arbeidsmiljø der me jobbar mot bærekraftigheit og nytting av miljøvenlege produkt.


Me har fleire faste privatkundar, samt firmakundar. Om det er ynskjeleg så kan me skaffe skriftlige referansar frå desse.

Kontakt oss